Informasjon om skulen

Informasjon om skulen

Skuleåret 2010/2011 har vi 76 elevar fordelt på dei fire trinna.
         1.trinn 22 elevar
         2.trinn 19 elevar
         3.trinn 12 elevar
         4.trinn 23 elevar

Etter 4.trinn flyttar elevane ved barnetunet til Søre Neset skule. Vi har opparbeidd gode rutinar for overføring mellom skulane.

 

Arbeidsområde ved barnetunet

* Halhjem barnetun har faste utedagar for klassane.
* Vi arbeider med lese- og skriveopplæring gjennom opplegget "Lese- og skriveglede".
* Vi driv med aldersblanding gjennom året og har temadagar vår og haust.
* Vi satsar på læring gjennom stasjonsarbeid der elevane sjølv skal læra å ta ansvar for eiga læring.
* Vi arbeider med "Steg for steg" for å utvikle godt sosialt miljø.
* Vi arbeider etter vurderingssystemet "Vurdering utan karakter".
* Vi arbeider etter kriterium utvikla i samarbeid med foreldra kalla "Det gode barnetun".