Skulen

Halhjem barnetun
Halhjem
5200 Os

Tlf: 56 57 54 00
Fax: 56 57 62 66
E-post. posthal@os-ho.kommune.no

Kontaktskjema

Halhjem barnetun ligg heilt i sør i Os kommune. Barnetunet ligg fint til i furuskog like ved Bjørnavatnet og ved utbyggingsområde for bustader i Halhjemsmarka.Halhjem barnetun vart tatt i bruk hausten 1997. Barnetunet er eit sambruk for barnehage, 1.-4. klasse og SFO.Når elevane skal starta i 5.klasse, flyttar dei til Søre-Neset skule som ligg ca 3 km lenger nord i krinsen.Barnehagen har ein avdeling med 16 heile plassar.



 

Nytt frå Halhjem barnetun

Gåve frå Os Mållag

Barnehagen har fått ein "diger" pakke!
Les meir »   10.09.10 kl. 13:08

Skulebruksplan

Ei av sakene som skal opp i styremøte tysdag 14.09. er revidert skulebruksplan. Dersom du er interessert i å lese planen, finn du han her: www.oskommune.no søk på skulebruksplan
Les meir »   10.09.10 kl. 10:22

Bestilling av mjølk

Alle foreldre i skulen har fått skjema til bruk for bestilling av mjølk/yoghurt. Fleire har hatt problem med å finne Halhjem barnetun. Namnet Halhjem var skreve feil, men dette er nå retta. (Søk ev. på hal og du finn Halhjem i rulleteksten.)
19.08.10 kl. 13:51

NYTT SKULE-OG BARNEHAGEÅR

Vel møtt til nytt skule- og barnehageår! Barnehagen har vore i sving sidan 2. august og skulestart for elevane var 18.august. Vi har tatt imot 22 nye elevar i 1.klasse og 8 nye barn i barnehagen. Tilsaman har vi 76 elevar i skulen og 16 barn i barnehagen
19.08.10 kl. 13:41

Sommaropen SFO

Sommaropen SFO har i fleire år vore lagt til Kuventræ skule.Også i år vil Kuventræ ta imot barn som treng plass første del av sommarferien.Frå august vil Os skule ta over.
Les meir »   29.04.10 kl. 09:24

MUSIKK FOR ALLE

Fredag 16.april hadde barnetunet besøk av musikarane Anne Leni Sæbø Søfteland, Terje Neset og Oddgeir Bjelland. Denne gongen var det 2. og 4.trinn som fekk vera med og øva inn songar og danseoppvisning.
Les meir »   16.04.10 kl. 14:02

Fastelavensboller i snøen!

I skulefritidsordninga baka dei boller i dag. Det var ingenting å seie på matlysten! 100 boller med eller utan krem forsvant då elevane tok seg ein pause frå leik i snøen!
12.02.10 kl. 15:00

Mattedag

Onsdag 10.februar gjennomførte vi den årlege mattedagen på barnetunet.Fokus på matematikk er viktig og i tråd med opplegget "Rek'n med Os(s)"
Les meir »   12.02.10 kl. 14:46

Barnehagen vår presenterer seg på Amfi

I tur og orden har barnehagane i Os presentert seg i andre etasje i Amfi-senteret. Vi anbefaler brukarane våre til å ta ein titt på presentasjonen av vår barnehage! Utstillinga skal stå til etter vinterferien!
11.02.10 kl. 14:52

Temadagar

I veke 46 gjennomførte vi temadagar med fokus på faget kunst og handverk i skulen og fagområde kunst, kultur og kreativitet i barnehagen. Barna/elevane synte stor iver og skaperglede og resultata kan vi etter kvart sjå i fellesromma våre!
Les meir »   16.11.09 kl. 10:51

RSS
14.09.10 kl. 18:00
06.10.10 kl. 19:00

Abonner på nytt

Din Epost-adresse: