Skulen

Halhjem barneskule
Halhjemsmarka 50
5200 Os

Tlf: 56 57 54 00
E-post. posthal@os-ho.kommune.no

Kontaktskjema

Halhjem barneskule ligg heilt i sør i Os kommune. Skulen ligg fint til i furuskog like ved Bjørnavatnet og ved utbyggingsområde for bustader i Halhjemsmarka.Bygget vart tatt i bruk hausten 1997- då som sambruk for barnehage, 1.-4. klasse og SFO.Barnehagedelen vart lagt ned frå  01.08.12. Frå same dato har skulen tatt over barnehagen sitt areal.Når elevane skal starta i 5.klasse, flyttar dei til Søre-Neset skule som ligg ca 3 km lenger nord i krinsen.



 

Nytt frå Halhjem barneskule

Av og til går ikkje alt etter planen

Det var nok ein del som reagerte på at den nye fana ikkje var med i 17.mai-toget frå Halhjem. Nokre gonger går det ikkje som planlagt, og grunna misforstingar skjedde det denne gongen. Alle involverte beklager dette sterkt.
23.05.2013

vår13 060.JPG

SKULEN HAR FÅTT NY FANE

Bente Haugland har laga ny fane til Halhjem barneskule! Bente har tatt utgangspunkt i motivet frå den gamle fana og brukt det ho kunne av den gamle. Resultatet kan du sjå 17.mai!
Les meir »   15.05.2013

Rose.jpg

Verdas bokdag!

Gje ei bok og ei rose til ein du bryr deg om! Vi markerer dagen tysdag 23. april!
Les meir »   21.04.2013

KARTLEGGING 1.-3.KLASSE

I veke 14 -17 vert det gjennomført kartleggingsprøvar i 1.-3.klasse. Alle foreldre har fått informasjonshefte som ranselpost. Kartleggingsprøvane er ein del av vårt vurderingsgrunnlag.
Les meir »   11.04.2013

Skulpturutstilling

Skulpturane som er laga av alle elevane i 4. klasse vert utstilte i gymsalen på Os barneskule 16. og 17. mars. Vi oppmodar foreldre og andre til å sjå utstillinga! Det er og viktig at foreldra hentar skulpturen deira barn har laga innan kl. 16.00 søndag.
13.03.2013

Vinter13 015.JPG

Små glimt frå skulen vår i vinter

Vinteren held tak i oss sjølv om vårmånaden mars er her! Her kjem eit lite tilbakeblikk
Les meir »   13.03.2013

IMG_1240.JPG

Lysfest

Tradisjonen tru vart det arrangert lysfest på Halhjem barneskule. Denne gongen på sjølvaste Luciadagen 13.12.
Les meir »   14.12.2012

adventstund3.kl.12 034.JPG

Adventstund ved 3.klasse

Den første adventstunda var det 3. klasse som stod for. Dei hadde øvd både lenge og vel og dermed var og resultatet bra!
Les meir »   04.12.2012

adventstund3.kl.12 007.JPG

Opning av biblioteket vårt

Vi har tatt i bruk ein ny avdeling på Halhjem barneskule! Tidlegare lokaler til barnehagen er blitt til eit lyst og fint bibliotek.Her er og plass til musikkundervisning, SFO, grupperom og lagerplass! Men i dag var det biblioteket som vart opna!
Les meir »   04.12.2012

Temaveke -Torbjørn Egner

Vi er i gang med temaveka vår. Dagen starta med ein presentasjon av Torbjørn Egner for alle elevane. Og jammen var det nokre røvarar der som leita etter tingene sine!Deretter vart elevane delt i grupper.Den første dagen har vi konsentrert oss om kulisser og Egner si "Malervise". Og så har vi øvd på sangar- i storkoret vårt!
01.11.2012

RSS

Websøk på skulebiblioteket

Kalender

Når Kva
28. mai
2013
Møte i SU
01. jun
2013
Frist for søknad til sommaropen SFO
03. - 04. jun
2013
Førskuledagar
Utskriftsvennlig

Abonner på nytt

Din Epost-adresse: